Dovre barnehage fekk seg ei skuffande overrasking på måndag: - Kven har øydelagd gapahuken vår?

Vekas fyrste gåtur til gapahuken for Dovre barnehage blei alt anna enn forventa. Gapahuken i seg sjølv var blitt utsett for øydeleggelse og det låg søppel strødd utover bakken.

Skuffa: Barnehageungane tykkjer det er dumt det som har skjedd med gapahuken deira. F.v.: Live Groven, Leander Martinsen, Victoria Holum Stigen, Noah Enersgård, Emrik Vigenstad og Sigurd Røstad Ulheim.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Dei oppdaga hærverket måndag 14. september på ein av deira gåturar til gapahuken. Øydeleggingane må ha gått føre seg i helga sidan dei var her førre veke utan at noko var i uorden.