Lesjingen Vidar (48) fekk tildelt Norsk Bridgeforbunds fortenestemerke og klubbens heidersteikn

Vidar Ugersnæss (48) frå Lesja har vore ein ivrig bidragsytar i det lokale Bridge-miljøet i løpet av dei to siste tiåra. Det vart han heidra for under klubbens 75-års jubileum i helga.

Bridge-entusiast: Vidar Ungernæss frå Lesja har etter mange år i det lokale bridgemiljøet teke imot både Norsk Bridgeforbunds fortenestemerke og Dombås Bridgeklubbs heidersteikn.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Dombås Bridgeklubb fylte 75 år i oktober 2019. Etter planen skulle dei halde jubileumsturnering i mars, men måtte utsette den til hausten på grunn av korona-situasjonen. Under middagen på Dombås hotell vart Ungersnæss overraska med både klubbens heidersteikn og Norsk Bridgeforbunds fortenestemerke, noko som særs sjeldan blir utdelt.