Distrikts- og digitaliseringsministerbesøk til Nord-Gudbrandsdalen utsatt:

Måtte avlyse fordi ho har pådrege seg ei hoste

I dag tysdag skulle eigentleg distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland komme til Nord-Gudbrandsdalen for å sjå på etableringa av eit "nytt" slakteri på Otta. No er det avlyst grunna ei hoste, for å vere heilt sikker.

  Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen/Høyre

Nyheter

Leiar av Sel Høgre, Anita Solberg, inviterte Helleland til Sel før sommaren for å møte politikarar og næringsaktørar for å få informasjon og for å drøfte rammeverket rundt det "nye" slakteriet på Otta. Men besøket til Sel og Vågå er no utsatt.

- Eg har akkurat fått beskjed om at Linda Hofstad Helleland beklagelegvis har pådrege seg ei hoste og kan difor ikkje forlate hjemmet. Rett og slett fordi ein ikkje kan ta sjansen på at det er snakk om Covid-19. Det betyr at besøket hennar til Sel og Vågå må utsettast og gå føre seg ved første moglege høve, fortel Hanne Alstrup Velure.