Fleire kom med innspel om korleis «Nye Dombås kyrkje» skal vere

Tysdag kveld var det kyrkjelydsmøte på Dombås, der den største saka på blokka var restaurering av Dombås kyrkje, som vart hardt skada av brann i februar.

Dombås kyrkje: Dovre kyrkjelege råd ba om innspel til korleis Nye Dombås kyrkje skal vere.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Kyrkjeverje Elin Marit Angard og leiar for Dovre kyrkjelege råd, Guri Ruste, orienterte om saka før dei slapp til kyrkjelyden til å kome med innspel.