"Styret holder sprit!"

Møteinnkalling resulterte i innlegg på populær Instagram-konto: - Morosamt at vi blir litt kjendiser

Pensjonistlaget i Lesja sendte inn ei møteinnkalling til Vigga i håp om å nå ut til nye medlemmar. Med løftet om at "Styret holder sprit!" endte annonsa opp på Instagram-kontoen @badesken, som spesialiserar seg på å vise fram morosame sakar frå lokalaviser.

Uventa: At dei har endt opp på Instagram-kontoen @badesken var heilt uventa. Men styret i Pensjonistlaget tykkjer berre det er morosamt. F.v.: Randi Elisabeth Tordhol, Tor Bøe, Randi B. Kjellshus og Rigmor Stavheim.  Foto: Frida Amundgård/Badesken på Instagram

Nyheter

I skrivande stund har innlegget i underkant av 6000 likerklikk og 70 kommentarar.