Koronasituasjon i Dovre:

Tre personar smitta med Covid-19 ved Dombås hotell og Dovre barnehage stengjar grunna fare for smitte

Tre tilsette ved Dombås hotell er påvist smitta med Covid-19.
Nyheter

Kommunens smittevernressursar er kalla inn og arbeider no med å skaffe oversikt over nærkontaktar.


Busslass med korona-smittede var innom Dombås

Tirsdag kom nyheten om at 31 av 40 pensjonister har fått påvist koronasmitte etter en busstur i Sør-Norge.


- Smittesporingsteamet er på plass og driv med kontaktsporing. Det er vanskeleg å seie noko konkret tidspunkt på når dei får oversikt fordi det er nok mange som må bli kontakta, seier smittevernlege i Dovre Gurgen Nazaretian.

Nazaretian seier det er høgst sannsynleg at det har samanheng med turistbussen som var innom Dombås den 18.-19. september.

- Teamet og smittevernlegen var på plass så fort dei fekk meldinga. Dei har eigentleg vore i beredskap sidan i morges sidan dei venta på om koronatestane var positive. Vi veit ikkje omfanget enda, men meir informasjon vil komme etter kvart, fortel helse- og rehabiliteringsleiar i Dovre Hege Lorentzen.

I tillegg har Dovre barnehage fått beskjed frå Nazaretian om å stenge inntil 5. oktober. Både tilsette og barn går i karantene inntil vidare.

- Ein forelder har testa positivt. Ungane er utan symptom, men dei går i karantene, fortel Nazaretian.

Dette er ein av dei tre tilsette ved Dombås hotell.

Saken oppdateres.