Funn av skrantesjuke på Hardangervidda:

Vil ha stor betyding for nedkjempinga av sjukdommen i Norge - må vurdere kva tiltak som må på plass

Det at det blei funne skrantesjuke hjå ein villrein på Hardangervidda i starten av september, er alvorleg for den norske villreinen. Mattilsynet og Miljødirektoratet vurderar no kva tiltak som må på plass, både på kort og lang sikt.

  Foto: Arkiv/Morten Lie

Nyheter

- Det er viktig å understreke at vi no står ovanfor ein heilt anna situasjon enn då skrantesjuke blei oppdaga i Nordfjella, og at funnet på Hardangervidda krever andre vurderingar. Hovudmålet vårt er å bevare friske norske hjortestammar for fremtidige generasjonar, seier Ingrunn Midtun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet i ei pressemelding.

Mattilsynet og Miljødirektoratet gjennomførar ei rekkje strakstiltak for å få oversikt over situasjonen og avgrense spreiing av skrantesjuke. Landbruks- og matdepartementet fastsette ny soneforskrift for Hardangervidda torsdag 17. september. Forskrifta inneheld umiddelbare smitteverntiltak som jegerar og andre må forhelde seg til for å hindre smittespreiing på og rundt Hardangervidda.

Legg til rette for god og effektiv jakt

- Vi jobbar no med å gjere tiltak for å tilretteleggje for ei god og effektiv jakt. Eit godt jaktuttak gjer at færre dyr vil kunne bli smitta, og at færre dyr vil kunne spreie smitte i miljøet. Slik reduserar vi smitterisikoen både i villreinbestanden og til andre artar. Vi får i tillegg auka kunnskap om sjukdomsutbreiing når mange dyr blir testa, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Lokalt på Hardangervidda blir det også gjort ein god jobb med å leggje til rette for effektiv jakt. Hittil i år er det analysert 660 prøver frå her.

Det nasjonale kartleggingsprogrammet for skrantesjuke vil bli utvida til å gjelde kommunane i nærleiken av skrantesjukefunnet på Hardangervidda, som vil seie Vinje, Voss, Ullensvang, Bykle og Suldal.

Breitt fagmiljø involvert i langsiktig strategi

Funnet av skrantesjuke på Hardangervidda vil ha stor betyding for nedkjempinga av sjukdommen i Norge.

- Mattilsynet og Miljødirektoratet vil nytte den næraste tida til å vurdere kva som er den beste strategien framover, saman med eit breitt fagmiljø. Vi jobbar no med ei bestilling til Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM), seier Godal.

VKM-rapporten vil danne det faglege grunnlaget for den vidare handteringa. Dette arbeidet vil ta noko tid.

- Det er viktig at vi tek dei rette slutningane for generasjonane som kjem etter oss. Skrantesjuke er ein av dei mest alvorlege dyresjukdommane som finst, og det er inga vaksine eller behandling. Frykta vår er at den skal spreie seg slik vi ser i USA, der smitta er så omfattande at det døyr fleire dyr i flokken enn det som blir født, seier Godal.

Verdifull informasjon frå aktuelle partar

Mattilsynet og Miljødirektoratet har også jamnlege møtar og kontakt med aktuelle partar som jegermiljø, villreinnemnder og villreinutval, tamreinnæringa og anna lokal forvalting. Desse gir verdifull informasjon om dei lokale forholda, og bidreg difor med viktig kunnskap om situasjonen.

Mattilsynet vil saman med Miljødirektoratet vurdere VKM-rapporten og innspel frå aktuelle partar, og deretter gi råd om vidare handtering til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.