28 testsvar er negative:

Totalt 67 har testa seg for korona i Lesja og Dovre i helga - ventar framleis på svar frå testane søndag

Det har vore ei travel helg for krisestaben og smittesporingsteamet i Lesja og Dovre. Totalt har 67 stykk testa seg for korona, og det er framleis 39 stykk som ventar på svar.

  Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix

Nyheter

Effektivitet og å lære korleis ein kan gjere ting betre, har stått på tapetet.


Koronasituasjon i Dovre:

Tre personar smitta med Covid-19 ved Dombås hotell og Dovre barnehage stengjar grunna fare for smitte

Tre tilsette ved Dombås hotell er påvist smitta med Covid-19.


49 testa på Dovre

Laurdag blei 20 testa på Dovre. Alle desse prøveresultata var negative.

- Sporingsteamet har jobba godt. Dei har vore i beredskap frå i går til dei fekk prøvesvara. I og med at dei var negative, sitt ingen av dei på kontoret no. Men dei er i beredskap og er klare til å gå tilbake på jobb om det er positive testresultat, fortel helse- og rehabiliteringsleiar i Dovre Hege Lorentzen.

- Det er gjennom ein slik situasjon ein lærer ting som gjer ting meir effektivt og kva som kan bli betre seinare. Vi klarte å teste 29 stykk veldig raskt for eksempel. Så vi fekk prøvd det i praksis. Dei tilsette gjer ein kjempegod jobb. No må vi berre vente og sjå ting an, seier Lorentzen.


Kommunlegen har komme fram til å stengje Fredheim omsorgssenter for besøkande

På grunn av den uavklarte situasjonen har kommunelegen komme fram til å stengje Fredheim for besøkande ut frå føre var-prinsippet.


I går søndag blei ytterlegare 29 testa på Dovre. Desse ventar dei framleis svara på.

- Det er ingen ytterlegare smittesporing på gang. Vi har fått tilbakemelding frå nærkontaktar og dei som vi har blitt orientert om har vore på hotellet. Har folk symptom, veit dei at dei burde ta kontakt med tanke på testing. Berre her blei det testa 49 stykk og Lesja har sine. Nokre har blitt testa på Otta også, seier Lorentzen.


Oppdatering koronasituasjon:

Held ope, men tilsette blir testa og heile hotellet blir ikkje nytta: - Vi håpar på full drift frå i morgon

Dombås hotell var aldri heilt stengt. I staden held dei ope med nokre restriksjonar; dei nyttar berre delar av hotellet, ingen middag blir servert i kveld og romma nytta av turistbussen førre veke skal desinfiserast nøye.


Totalt 18 stykk har blitt testa i Lesja

I Lesja blei åtte stykk testa for korona på laurdag. Samntlege var negative testar.

- Testregimet har vore lærarrikt. Vi dreiv med korrigering allereie frå laurdag til søndag for å finne ut kva som var mest effektivt. Vi er godt nøgde med smittesporingsteamet. Dei har hatt gode gjennomkøyringar og er veldig klare for eventuelle nye oppgåver om det kjem melding at det er behov, fortel krisestableiar Åge Tøndevoldshagen.

I går blei det testa 10 i Lesja som dei framleis ventar svar på. Totalt i Lesja og Dovre har altså blitt testa 67 menneske basert på deira tilknyting til koronasituasjonen.


Kontrabeskjed:

Lesja kommunehus held ope som vanleg

Søndag kom beskjeden om at Lesja kommunehus skal halde ope for besøkande som vanleg likevel.


Tøndevoldshagen seier dei hadde ein liten glipp med koronatelefonen i helga som gjorde at folk ikkje har komme gjennom til dei. Dette beklagar han.

- Vi var ikkje heilt à jour. Det var litt tull i oppstarten og det lugga litt i går, men no skal det vere greitt, seier han.

Sporingsteamet har jobba iherdig med å skaffe oversikt over kontaktpunkt og vidarefølging av desse. Dei har vurdert kven som skulle og ikkje skulle teste seg, og dei jobba tett med kommunelegen.

- No ventar vi, det er ikkje bestemt tiltak utover det. Elles ber vi folk vere nøye med hand- og hostehygiene og ringe koronatelefon og legekontoret om dei er i tvil om dei er sjuke eller har symptom. Alle treng ikkje å gå på butikken fredag klukka fire. Det er lov å vere litt bevisst på korleis ein beveger seg. Ta forholdsreglar og følg dei generelle råda. Når det gjeld lag og foreiningar, er det råda til Folkehelseinstituttet sine sider som gjeld inntil noko anna blir bestemt. Så tek vi slutningar ut i frå korleis situasjonen utviklar seg, seier Tøndevoldshagen.