Totalt fire er no smitta:

Alle prøvesvar frå helga var negative med unntak av èin i Dovre

Prøvesvara frå helga er no inne og èin ny er bevist smitta i Dovre.

  Foto: Mufid Majnun/Unsplash

Nyheter

Då er talet oppe i totalt fire smitta i Dovre og ingen i Lesja.

Totalt blei 67 menneske testa i Dovre og Lesja i helga; 49 i Dovre og 18 i Lesja. Ein av desse testa positivt i Dovre.


Koronasituasjon i Dovre:

Tre personar smitta med Covid-19 ved Dombås hotell og Dovre barnehage stengjar grunna fare for smitte

Tre tilsette ved Dombås hotell er påvist smitta med Covid-19.


- Det er ikkje snakk om ytterlegare spreiing, men det er nokon som er i tett relasjon til dei som allereie er smitta. Det som er viktig å vite er at kommunelegen har oversikt og kontroll og vi ber alle om å fortsette å følgje dei generelle råda og elles leve som normalt, seier krisestableiar Åge Tøndevoldshagen.

I dag tysdag er det totalt 16 stykk som blir testa både i Dovre og Lesja.

- Smittesporingsteamet er ikkje på jobb nett no. Framover er det om å gjere å tenke strategisk; poenget er at smitte skjer her også. Folk må skjerpe seg og følgje opp fellesdugnaden. Det er det som skal til, fortel Tøndevoldshagen.