Bybarnet Mona som ende opp på Skaalgaard under krigen

Året er 1943. Mona Turid Pettersen – som på den tida heitte Stenersen – er sju år gamal og på veg frå Oslo til Gudbrandsdalen med tog.

Tilbake etter mange år: Frå ho var sju til ho var 14, budde Mona Pettersen på Skaalgaard gard i Kjøremsgrenda på Lesja i skuleferien. No er ho 85 og er tilbake for å sjå att det ho vaks opp med.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Det skranglar og gyngar i det gamle damplokomotivet. Om bord sitt Mona som sild i tønne i lag med dei andre ungane. Langt om lenge stoppar toget på Bottheim stasjon på Lesja og utanfor står ein mann med hest og kjerre og venter på henne.