Leiteaksjon etter sakna kvinne på Dovre:

- Situasjonen er dessverre akkurat den same som i går

Søket etter den sakna kvinna langs Grimsdalsvegen, er framleis i gong. Leitemannskap går manngard i nærområdet og finkjemmer kvar ein busk.

Framleis ingen spor: - Det er nærområdet som er mest relevant når det gjeld leiting, fortel politibetjent på Otta Hans Martin Aas. Framleis er det ikkje spor etter den sakna kvinnen.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Situasjonen er dessverre akkurat den same som i går, seier politibetjent på Otta Hans Martin Aas.

Søket starta i går kveld ved Eftansåe langs Grimsdalsvegen. Den sakna er ei kvinne på 69 år og 162 centimeter. Ho blei meldt sakna av familien rundt klukka 18. Kvinnen er ikkje busett i Innlandet.


Leteaksjon etter savnet kvinne i Dovre

Politiet iverksatte tirsdag kveld en leteaksjon etter at en kvinne i 60-årene ble meldt savnet.


- Per no er det med 29 frå heimevernet, 18 frå Røde Kors og tre hundar frå Norske redningshunder. Politihelikopteret leitar også, fortel Aas.

Det leitast altså både på bakken og i lufta etter 69-åringen. Fleire frivillige har også vore med både i natt og i dag. Desse gir politiet ein takk og ber dei samstundes om å halde seg på stien.

- Det er nærområdet som er mest relevant når det gjeld leiting. Vi har delt opp området i fleire teiger med lag på rundt fem stykk. Desse plassane håpar vi å gå over to gonger, seier Aas.

Politiet oppfordrar alle som er på hyttane sine i område om å søkje gjennom uthus/anneks. Eventuelle observasjonar av kvinnen ber politiet om å få beskjed om.

Stor aktivitet: Det er framleis stor aktivitet utanfor Røde Kors-hytta.  Foto: Frida Amundgård


Planlegging: Heimevernet ser an situasjonen og planlegg neste trekk.  Foto: Frida Amundgård


Køyrar ut: Fleire på ATV-ar køyrar i området på leit.  Foto: Frida Amundgård


Fleire er med: Røde Kors stillar opp med eit mannskap på 29 stykk.  Foto: Frida Amundgård