Nyttar drone i fortsettande søking: - Dei mest interessante plassane, blir oppsøkt att for å vere heilt sikker

Framleis har ikkje leitemannskapa i Grimsdalen noko å syne til etter to dagars ustanseleg søk. Den 69 år gamle sakna kvinna er og blir borte, men det blir leita med uforminska styrke.

Parat: Røde Kors er framleis i søkeområdet med ATV og til fots.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Det er ikkje bestemt kor lenge vi skal søkje, det er HRS som tek den slutninga. Vi veit at vi skal leite ut dagen. Det er full drift med seeking-helikoptarar og politiet i Trøndelag driv med drone som skal søkje på områder det er vanskeleg å nå. Elles er det same som i går, fortel politibetjent Hans Martin Aas.