Lesjingane vart den heldige vinnaren av Spleis-konkurranse – har samla inn over 20 000 kroner til den lokale kafeen

7. klasse ved Lesja skule deltok tidlegare i haust på ei konkurranse i regi av Norsk Litteraturfestival og Sparebank 1 Gudbrandsdal, som dei enda opp med å vinne.

7. klasse ved Lesja skule vart den store vinnaren av ei konkurranse der vinnaren fekk oppretta ein Spleis til eit formål dei sjølv ville støtte. Det vart feira på Lesja kafé, som blir den heldige mottakaren av eit pengebeløp på over 20 000 kroner.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Konkurransen oppfordra alle 7. trinn ved barneskulane i heile Gudbrandsdalen til å kome på eit formål dei meiner fortener ein Spleis – ei digital pengeinnsamling til eit godt formål eller ein organisasjon. Det beste forslaget fekk dermed oppretta ein Spleis til det formålet dei fremma, og det beste forslaget var det sjuandeklassingane på Lesja som kom med.