63 jervekull påvist i 2020

Det er i vår og sommar registrert 63 kull med jervekvalpar i Norge, og det er ein oppgang på eitt kull frå i fjor.

Oppgang: Det er ein oppgang i kull frå i fjor. Biletet viser ei jervetispe og tre jervekvalpar i Målselv.  Foto: Statens naturoppsyn (SNO)

Nyheter

Dette melder Rovdata i ei pressemelding. Dei har gått gjennom og kvalitetssikra årets datamateriale frå feltregistreringane over heile landet. Resultatet viser at antal jervekull har heldt seg stabilt dei siste åra.

- Det er registrert i høve 58, 62 og 63 jervekull i landet dei tre siste åra. Bestanden har dermed heldt seg over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege jervekull, som Stortinget har bestemt, seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

382 voksne jerv

Ved hjelp av antal jervekull registrert dei tre siste åra, reknast det kor mange vakse dyr det er i bestanden. Rekninga tek utgangspunkt i kunnskap om kor mange jerv det er i ein bestand for kva tispe som fødar kvalpar.

- I år er det rekna å vere rundt 382 jerv i Norge, og det er ein oppgang på 48 individ, samanlikna med 2019, forklarar Kindberg.

Størst endring i nord og i Hedmark

Det nasjonale bestandsmålet for jerv er fordelt på fem forvaltningsregionar for jerv i Norge. Ser ein på snittet for dei tre siste åra, som har tyding for overføring av myndigheit for nemndene, så er alle fem rovviltregionane på eller over bestandsmålet.

- Det har sidan i fjor vore størst endring i rovviltregion 8 og i region 5. Lengst nord, i region 8, har det vore ein oppgang på fem kull samanlikna med i fjor, medan det har vore ein nedgang på fire kull i region 5, seier Kindberg.

63 kull: Kartet viser oversikta over dei 63 jervekulla i Norge.  Foto: Rovdata

Ni kull teke ut i hiuttak

Etter vedtak av Miljødirektoratet er det gjennomført hiuttak av ni av dei 63 påviste jervekulla i åra. Det er skote fem tisper og 21 kvalpar.

Rovdata har ansvaret for overvåkinga av jern i Norge og for at oversikta over kor mange individ der er i landet er best mogleg. Det er på oppdrag frå Miljødirektoratet. Dei registrerar kor mange kvalpekull som blir født kvart år og dei tek DNA-analysar av innsamla ekskrement og hår frå arten. Dette blir nytta til å rekne størrelsen på bestanden og korleis dei utviklar seg over tid. Statens naturoppsyn (SNO) kontrollerar gamle og nye hiplassar i Norge på leit etter kvalpekull frå februar og utover våren og sommaren kvart år.