Austmannaprisen til Avdemsbue og Avdem Gardsysteri for flittig bruk av nynorsk: - Det har alltid vore ein naturleg del av oss

Det var duka for ein nynorsk kulturkveld ved Avdemsbue måndag 5. oktober. Song, diktopplesing og musikalske innslag var med på å understreke bygda sin forkjærleik for skriftspråket.

Austmannaprisen 2020: Representant frå Austmannalaget Håvard Kleiven (t.v.) delte ut Austmannaprisen til Åse Haugstad, Anna Haugstad Avdem og Sigurd Avdem for deira bruk av nynorsk opp i gjennom åra.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Oppmøtet var godt og stemninga lett inne i «osten» hjå Avdemsbue medan prisutdelinga gjekk føre seg.