Er med og kjemper mot plast i havet

Kvart år har 9. klasse ved Dovre Ungdomsskule (DUS) vore delaktige i NRKs årlege TV-aksjon.

Trass ein amputert TV-aksjon på grunn av korona gjer 9. klasse ved Dovre Ungdomsskule det dei kan for å støtte årets aksjon.  Foto: Privat

Nyheter

På grunn av korona blir årets aksjon digital, og 9.-klassingane som til vanleg går dør til dør med bøsser må i år finne alternative løysningar.

Nedkjempar plast i havet

Ungdomsskuleelevane har oppretta ein Spleis, ei digital løysing der folk kan gje eit bidrag til TV-aksjonen gjennom 9. klasse.

I år går inntektene til WWFs arbeid for å kjempe mot plast i havet. Om lag åtte millionar tonn plast hamner i havet kvart år, og truar både dyreliv og menneskeheita.

– Dette er ei god sak, så det er viktig at folk gjev pengar, meiner elevrepresentantane Anna Marie Gråberg og Syver Holseth Rykhus

Med midlar frå TV-aksjonen skal WWF ta tak i problemet der det er størst, og midlane er øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

– På grunn av korona er det avgrensa kva vi kan gjere for å marknadsføre oss, men vi brukar stort sett sosiale media, seier elevane.

Elevrepresentantane for 9. klasse, Erland Holseth Rykhus og Anna Marie Gråberg, meiner årets formål under TV-aksjonen er ei god å viktig sak å støtte.  Foto: Simen Rudiløkken

Midlar til Polen-tur

For sin innsats i TV-aksjonen får 9. klasse ved DUS i tradisjons tru ein fast sum pengar som skal vere med å finansiere Hvite Busser-turen til Polen som elevane ved skulen har vore med på årleg ved siste året på ungdomsskulen.

– Ein støttar dermed to gode sakar, seier Gråberg.

Sjølve TV-aksjonen går av stabelen 18. oktober, men det er allereie mogleg å støtte aksjonen gjennom den digitale løysinga.