Statsbudsjettet er lagt fram:

Lokalavisene blir fortsatt prioritert - innovasjonsstøtta på nesten 21 millionar blir ført vidare

Prioriteringa av lokalavisene held fram i 2021 med ein inflasjonsjustert auke i produksjonstilskotet. Dette er som regjeringa lova etter at Landslaget for lokalaviser (LLA) og lokalavisene i inneverande statsbudsjett fekk gjennom eit etter lengta og svært naudsynt løft.

Viktig: Lokalavisene er viktig for innbyggjarane og kommunane, spesielt i den uvanlege tida vi har vore i i år.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Då blei totalt 30 millionar kroner øyremerka lokalavisene, blant anna for å styrke journalistikken og gjennomføre digitale omstillingar. I regjeringas forslag til statsbudjsett for 2021 er produksjonstilskotet inflasjonsjustert. Det er LLA godt nøgd med, skrivast det i ei pressemelding.

Alt i alt føreslår regjeringa at det samla produksjonstilskotet til alle avisene i Norge er inflasjonsjustert, til totalt rundt 370 millionar kroner.

Innovasjonsstøtta på nesten 21 millionar kroner, særleg øyremerka lokalavisene, blir også ført vidare. Dette set LLA stor pris på, og det er svært viktig for lokalavisene.

- Vi set pris på at lokalavisene framleis blir framheva i statsbudjsettet, og at satsinga på lokalavisene blir ført vidare. Det trengst verkeleg etter det siste tøffe halvåret lokalavisene har vore gjennom, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.

Han understrekar kor viktige lokalavisene har vore for lokalsamfunnet landet rundt etter at koronaepidemien slo inn over Norge.

- Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet. Den siste tida har vist kor viktig det er for innbyggjarane og kommunane å ha lokalavisene, men dei aller fleste avisene har mista store annonseinntekter i år. Etter særs krevjande månader, ber vi no politikarane om å finne ein ekstra krisepakke til lokalavisene, slik at dei kjem seg gjennom pandemien med livskraft, seier Bruvik.