Regjeringa føreslår 2,1 milliardar kroner til Dovrebanen

Onsdag la regjeringa fram forslag til statsbudsjettet for 2021. Jernbanebudsjettet aukar totalt frå 26,8 til 32,1 milliardar kroner, ei auke på 20 prosent i forhold til årets budsjett.

2,1 milliardar: Det blir sett av 2,1 milliardar kroner til Dovrebanen i årets statsbudsjett.  Foto: Arkiv/Simen Rudiløkken

Nyheter

Forslaget inneheld eit rekordstort investeringsbudsjett til jernbane på 16,1 milliardar kroner.

Det blir sett av 2,1 milliardar kroner til Dovrebanen. 1,5 milliardar skal nyttast på Eidsvollprosjektet som er under byggjing. Dei resterande 600 millionane nyttast på strekninga Kleverud-Sørli, som då får byggjestart neste år.

- Det er mange gode krefter som har jobba for dette, seier regiondirektør for NHO Innlandet Jon Kristiansen.