Arne «Castro» Haugerud leverte tilbake Dovregubben-prisen i sinne

Prisen fekk eigar av Dovre Bensin, Kro og Motell Arne «Castro» Haugerud i 2011 for sin innsats for Dovre. No har han levert den tilbake til sitjande ordførar i Dovre Astrid Skomakerstuen Ruste på bakgrunn av at han ikkje følar at bedrifta hans er verdsett av dei folkevalde i Dovre.

Tilfredsstillande: Haugerud er klar i si avgjerd. - Det var tilfredsstillande å få levert den tilbake, seier han. Her med Dovre-ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Med familien ved si side, overleverte Haugerud Dovregubben-prisen til Dovre-ordføraren utanfor Dovre kommunehus.