Nye Lesja helsehus opnast måndag: - Vi har ei lang helg framfor oss

Bygginga av nye Lesja helsehus har vore eit to års prosjekt som no endeleg snart står fiks ferdig. Helsetenestene blir dermed samla under eitt tak, og dei tilsette ser fram til å få ein frisk start i nye lokalar.

Klare for dei siste flyttelassa: Det er framleis ein stor ryddejobb att, men i helga skal dei gjere alt klart for oppstart måndag. Helsesekretær Mildrid Gravseth Morken (f.v.), helse- og rehabiliteringsleiar Marita Aaheim og vaktmeistar Roshan Reza er klare for å ta i eit siste tak.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Lange dagar og tunge løft, er det som har vore ein del av kvardagen til dei tilsette ved Lesja legekontor den siste tida. No er siste innspurt før alt skal vere tømt og flytta.