Satsar på mikrohyttefelt på Bjorli

Det nyetablerte selskapet Mikrohus Norge går «tiny living»-trenden i møte. Den har blitt stor i Sverige og lenger nede i Europa, og vil også nå Norge, meiner dagleg leiar Bjarte Rørvik.

Dagleg leiar i Mikrohus Norge, Bjarte Rørvik, vil satse på mikrohytter på Bjorli. Dette blir deira første store prosjekt.  Foto: Anne-Mari Tomasgård/Sunnmørsposten

Nyheter

Mikrohus Norge vart etablert for om lag to år sidan, og er nå i gang med konstruksjon av tre demonstrasjonshus i heimbyen Ålesund. Utbygging av hyttefelt på Bjorli blir deira første store prosjekt.