Rullestol- og rullatoravhengige Ole Sverre (78) kjem seg ikkje ut av leilegheita grunna stilleståande heis: - Nok er nok

Ole Sverre Krukhaug har budd i Dombåshaugen burettslag i fem år, og gjennom desse åra har han gjentekne gonger opplevd at heisen ikkje har fungert. Som rullestolavhengig, har det påverka kvardagen hans.

Heis ute av drift: - Med tanke på min fysiske situasjon, så har eg det bra. Men eg kunne hatt det mykje betre dersom tinga i burettslaget ikkje hadde vore som dei er, seier Ole Sverre Krukhaug.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

No har han sagt seg lei den øydelagde heisen, etter fleire forsøk på å seie i frå om problemet til styret i burettslaget.