Dombås skiarena klargjerast for vintersesongen:

Dugnadsgjengen på taket - ordnar nye smørebodar og nyttar nye snøkanonar

Vi har nådd den tida på året der bilen har frost på ruta om morgonen. For nokre er dette irriterande, men for dugnadsgjengen på Dombås skiarena betyr det noko anna; vintersesongen med snølegging kan endeleg byrje.

Luftig arbeid: På taket av brakkeriggen, blir det hamra og borra og lagt på plass nytt tak. Her inne skal det etterkvart bli smørebodar. F.v.: Stein Åge Aa, Arild Killi og Gunnar Bentdal.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Det er ein gjeng på seks arbeidsglade karar som møter opp i strålande solskin ved Dombås skiarena onsdag 15. oktober. Dette er den fjerde onsdagen dei møtast for å arbeide i år, og det skal bli mange onsdagar med arbeid framover.