Mange moglegheiter for Bane NOR i åra som kjem:

Pågåande byggjeprosjekt, inkludert Dovrebanen, blir prioritert

Bane NOR er veldig nøgd med Samferdselsministeren sitt signal om å lage ein realistisk Nasjonal transportplan, der portefølgjestyring blir lagt til grunn som eit veldig nyttig verktøy for å lukkast. Innretninga er spanande, rammane kan gi dilemma.

  Foto: Astrid Kvam Helset/arkiv

Nyheter

Eit viktig mål for Bane NOR er å tilretteleggje for at enda fleire kan ta meir tog. Det har vore ei god auking i antall passasjerar dei siste åra, frå 62 millionar i 2012 til 80 millionar i 2019 (SSB juni 2020), mogleggjort av den sterke satsinga på jernbana, står det i ei pressemelding.

Å leggje til rette for eit godt togtilbod i befolknnigstette område i og rundt dei store byane, er ei riktig satsing for jernbana.

- Det er viktig for togpassasjerane og for godstransporten at vi kan halde trykket oppe i alle våre pågåande byggjeprosjekt, inkludert Follobanen, Intercity på Vestfoldbanen, Østfoldbanen og Dovrebanen mot Hamar, seier konsernsjef i Bane NOR Gorm Frimannslund.

- I vårt innspel til Samferdselsdepartementet er difor vår fyrsteprioritet å fullføre igangsette byggjeprosjekt før vi startar opp nye, fortsett Frimannslund.

Det viktigaste med storsatsinga på jernbana er å sikre eit godt togtilbod til dei reisande, med fleire avganger og kortare reisetid, slik at fleire vel toget som transportform.

- Vi føreslår no ei avgrensa utbygging til redusert kostnad som vil gi ei forbetring av togtilbodet i InterCity frå Haug og vidare sørover på Østfoldbanen. Det same gjer vi for dei andre strekningane i ytre InterCity på Vestfoldbanen, og Dovrebanen, seier Frimannslund.

I Bane NOR sitt innspel til Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 peiker dei på eit innsparingspotensiale på prosjekta i InterCity på 73 milliardar kroner, som tilsvarar halve investeringskostnaden som ligg i dagens planar.

- Den auka satsinga på jernbanen i forslaget til statsbudsjettet for 2021 gir høg investeringstakt inn i neste NTP-periode i forhold til dei økonomiske rammane for oppdraget vi har svart på. For å sikre god samfunnsøkonomisk lønnsemd er det viktig at aktivitetane kan ferdigstillast med naudsynte bevilgningar også frå 2022, seier Frimannslund.