Nytt aktivitetstilbod i Lesja falt i smak: – Dette vil vi fortsette med!

Tysdag kveld var det oppstart for det nye bordtennistilbodet til Lesja IL. 12 ivrige unge deltok på opningskvelden i klubbhuset ved idrettsplassen på Lyftingsmo.

Ivrige bordtennisspillere: Det var godt oppmøte på Lyftingsmo da bordtennistilbodet vart introdusert. Fra venstre: Live Kolstad, Arn Enstad, Estin Utgård, Edvard Fjeld Gilberg, Bilal Yasin, Ibsa Breso, Elida Fjeld Gilberg, Johanna Rognerud, Mathias Svelstad, Knut Riise, Nils Holten Avdem og Even Nørstegård. 

Nyheter

Tidlegare i år fekk idrettslaget 10 000 kroner i støtte frå Ungdomsrådet i Lesja til å starte opp tilbodet. Pengane vart brukt på å kjøpe inn to bordtennisbord og utstyr.