Kokken Bjørn mana fram 17 smakar frå Avdem: – Eg skulle lett klare å lage 30 til

Eitt og eit halvt år etter Avdemsbue utvida kafédrifta med eit heilt nybygg var det på tide å prøve noko nytt. Det fekk dei prøve i helga gjennom konseptet «Smaken av Avdem».

Kokk Bjørn Hettervik (t.h.) var med å førebu 17 rettar med ingrediensar frå Avdem på Lesja. Dei tilsette ved Avdemsbue fekk utfordra seg sjølve når dei dekte på til 60 gjestar fordelt på to kveldar.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

I løpet av to kveldar fekk smakslystne lesjingar og andre servert heile 17 rettar, eller smakar, basert på ingrediensar frå garden Avdem og Lesja. Dette med hjelp frå rogalending og kokk Bjørn Hettervik.