Fleire stader stenger for servering: – Vi ser på det som vårt samfunnsansvar

På grunn av smittesituasjonen i landet og tiltak frå regjeringa ser fleire reiselivsbedrifter seg nøydd til å nok ein gang trappe ned drifta.

Stengt for servering: Dovregubbens Hall på Dovrefjell bestemte seg for å stenge kafeen denne veka, som følgje av strengare tiltak frå regjeringa.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Førre veke kom nye tiltak frå regjeringa for å nedkjempe koronaviruset, der det blant anna vart anbefalt å ikkje reise innanlands.