Sagelva tildelt Olavsrosa

På høstens avslutning for Sagelva vasskraftsenter på Avdemsbue, fekk dei frivillige i laget ei verkeleg fin overrasking.

Kvalitetsmerke: Direktør i Norsk kulturarv, Erik Lillebråten t.v., overrekte Olavsrosa til styreleiaren i vasskraftsenteret Steinar Melbø.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Frå Vågå hadde direktøren for Norsk kulturarv teke turen for å dele ut eit heidersteikn blant tradisjonsrike stader og opplevingar i Norge. Begrunninga frå Norsk kulturarv vart presentert av direktør Erik Lillebråten:

– Vårt motto i Stiftelsen Norsk Kulturarv, er vern gjennom bruk, sa han.

Sagelva er eit særs godt døme på akkurat det. Anlegget syner på ein framifrå måte mange forskjellige bruksområde og handverk som har med vatn å gjera. Dette blir gjort tilgjengeleg og formidla på ein forbilledleg måte til publikum. Sagelva Vasskraftsenter innfrir med andre ord med godt monn dei kriteria som skal til for å gjera seg fortent Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa.

Overrekkinga skjedde til full applaus og i ettertid også nokre tankar om at dette gjer arbeidet for aktiv bruk og omvisning enda viktigare.

God sesong: Steinar Melbø har vore guide på Sagelva vasskraftsenter i sommar.  Foto: ARKIV/Frida Amundgård

Styreleiar Steinar Melbø takka i si tale alle som har bidrege til ein fantastisk sesong med godt besøk.
– I tillegg er dette ein viktig kanal for å vise oss fram for eit publikum som den neste sesongen nok også blir lokale og nordmenn, sa han.

Med Olavsrosa følger det rett til rosa på Vegvesen-skiltet ved veigen og bruk av Olavsrosa på senteret og elles. I tillegg vil Sagelva synliggjerats i magasinet Kulturarv som kjem ut både vinter og sommar.