Hjelpekorpsa søker fjellvante folk

Hjelpekorpsa i Brennhaugen, Dombås og Lesja Røde Kors ønskjer nye medlemmar.

Vil rekruttere fleire: Korpsleiarane i Dombås og Lesja Røde Kors sitt hjelpekorps, Ole Fredrik Hage og Asbjørn Espeseth ønsker fleire frivillige i dei lokale hjelpekorpsa Lesja, Dombås og Brennhaugen.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Dei tre mannskapa beståande av om lag 45 personar totalt går nå saman om å rekruttere nye medlemmar til hjelpekorpset.

– Hjelpekorpset er ein viktig del av redning og beredskap, og ved mange oppdrag er vi dei første eller einaste som møter opp. Vi ser at vi kunne vore fleire, seier korpsleiarane Asbjørn Espeseth i Lesja Røde Kors og Ole Fredrik Hage i Dombås Røde Kors.

No ser dei etter folk som ønskjer å vere ein del av hjelpekorpset, og oppfordrar dei som er interesserte til å ta kontakt direkte med korpsleiarane eller melde seg inn via Røde Kors sine nettsider.

– Vi ser etter folk som klarer å ferdes i fjellet aleine og som gjerne har litt beredskapserfaring. Jegerar egner seg godt, for eksempel, seier korpsleiarane.

Som del av hjelpekorpset må ein gjennom tre kurs; innan hjarte- og lungeredning, søk og redning, og samband for å bli godkjent. Dei som blir godkjente blir da tilkalla etter behov, men ein må vere over 18 for å vere med på skarpe oppdrag.

– Det er uansett frivillig å vere med. Ein skal ikkje ha dårleg samvittigheit om ein ikkje har lyst eller ikkje har anledning akkurat da, seier dei.