Vil ha innspel til kva slag tilbod LMS skal ha

Det er nedsett ei arbeidsgruppe, beståande av både lek- og fagfolk, som skal sjå på moglegheitene til å utvikle og få nye tilbod til pasientar i Nord-Gudbrandsdalen.

Arbeidsgruppe: Kristen Mathias Hyrve frå Skjåk sit i gruppa.  Foto: Hans Erik Kjosbakken, Fjuken

Nyheter

Kristen Mathias Hyrve frå Skjåk sit i gruppa, som elles mellom anna består av overlege Bjørn Steinar Storvik på LMS, kommunalsjef i Lom, Synne Skogsrud og rådgjevar ved sjukehuset Innlandet, Morten Lang-Ree.

– Det vi i fyrste omgang ynskjer å gjera, er å kartlegge kva type pasientgrupper det kan vera aktuelt for å få oppfølgjing på LMS på Otta. Det er pasientgrupper som gjerne må reise til Gjøvik eller Lillehammer for enkle og greie konsultasjonar, seier Hyrve og nemner hørselshemma som eit konkret eksempel.

For at det skal bli etablert nye tilbod på LMS lyt det vera eit viss volum på etterspurnaden etter ei bestemt teneste.

– Difor oppmodar vi alle lag og foreiningar, eldreråd og råd for funksjonshemma i alle kommunane i regionen, og i Fron, til å koma med innspel, seier Hyrve som ber folk om å ta kontakt med honom eller Morten Lang-Ree.