«Flytårnet» på Hjerkinn får nytt formål

Nå som både skytefeltet på Hjerkinn og snart naturrestaureringen av området er historie, skal Forsvaret i samarbeid med Norsk Villreinsenter vidareformidle det som har skjedd der dei siste 100 åra.

Frå flytårn til infosenter: Det gamle «flytårnet» på Hjerkinn har fått ny plassering på Norsk Villreinsenter. Der skal det nyttast til informasjonsenter om det gamle skytefeltet og ryddeprosjektet som har gått føre seg dei siste åra. Dagleg leiar ved villreinsenteret, Raymond Sørensen (t.v.) og totalprosjektleiar for Hjerkinn PRO, Pål Skovli Henriksen, har trua på konseptet.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Det skal gjerast i form av eit eiget museum, eller eit opplevingsrom, som har fått plass ved sidan av Villreinsenteret som står sentralt på Hjerkinn. Det gamle flytårnet som dei siste åra har stått ved bommen inn til Snøheim har nå blitt flytta ned til senteret for å brukast opp att til nettopp dette.