Nord Gudbrandsdalen vidaregåande skuler er smittefrie, men er klare om det endrar seg:

- Vi har ein plan dersom vi kjem på raudt nivå

Heimeundervisning og redusert fysisk undervisning er per no ikkje naudsynt for dei vidaregåande skulane på Dombås, Otta eller Lom. - Vi fortsett som vanlig. Det som er viktig for meg er at elevane i størst mogleg grad er på skulen, fortel rektor ved Nord Gudbrandsdalen vidaregåande skulane Kristin Undseth.

Planbevisste: Dersom smitta dukker opp att i skulene, har dei ein plan for kva dei så gjer.  Foto: Arkiv

Nyheter

Likevel må dei vere klare dersom ei ny smittebølgje skulle komme, og det er nett dei skulane i Innlandet har laga ein plan for.