Robin (32) frå Bryne har fått draumejobben:

Frå røyrleggjar til fjelloppsyn i Lesja

I sommar lyste Lesja fjellstyre ut ei 100 prosent stilling som fjelloppsyn. Av totalt 67 søkjarar var det rogalendingen Robin Danielsen Langemyr (32) som skaut gullfuglen – eller var det ein rein eller ei rype?

Vinterlandskap: Robin seier ikkje nei takk til turar i vinterlandskap. Her er han og hunden til ein kompis i Sølen landskapsvernområde i februar.  Foto: Augustus Moltubakk

Nyheter

Når Vigga pratar med Danielsen Langemyr, kjem han rett frå forelesning. Han går nemleg sisteåret i ein master i anvendt økologi på høgskulen Evenstad.