Årboka frå Lesja historielag er ute, men det er også redaktøren etter 18 år: - Det har vore interessant arbeid

Lesja historielag er no ute med si 37. årbokutgåve. For redaktøren Tor Einbu, som har vore styrar i 18 år, blir dette hans siste bok.

Skriftnemda og redaktøren: Skriftnemda i årboka f.v.: Hans Enstad, Odd Reidar Hole, Tor Einbu (redaktør), Oddvar Romundset, Rolf Sørumgård og Sigmund Kolstad.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Eg har vore redaktør så lenge at det er på tide at ein eller ei anna får prøvd seg, seier Einbu.