Johanne trossa alt og endte på andreplass i slopestylekonkurransen:

Har slite med mindre skadar: - Eg køyrde med litt småvondtar

I helga er det årets fyrste World Cup i freeski. Johanne Killi (23) deltok laurdag og kom på andreplass - med småskadar som har plaga ho i nokre dagar på førehand.

På pallen: F.v.: Johanne Killi på andreplass, Tess Ledeux på fyrsteplass og Ailing Eileen Gu på tredjeplass.  Foto: Privat

Nyheter

Som einaste norske konkurrerte Killi med sju andre deltakarar under løpet i slopestyle laurdag. Ho køyrde godt det fyrste løpet og endte på andreplass. I det andre løpet falt ho, men ho endte likevel til slutt opp på andreplass.