Verdscupopninga i slopestyle:

Johanne "slopa" seg til ein andreplass

Johanne Killi (23) frå Dombås fekk andreplass i slopestyle i austerrikske Stubai av totalt åtte utøvarar laurdag.

Sølvplassering: Det blei andreplass på Johanne Killi i slopestyle i Stubai.  Foto: Frida Amundgård/arkiv

Nyheter

Denne helga er det verdscupopning i slopestyle i austerrikske Stubai. Norges Skiforbund sender ni utøvarar hit, der i blant Dombås-jenta Johanne Killi.

Det var kvalifisering fredag, mens finalane gjekk laurdag. Det norske laget har lada opp i alpane med samlingar i både Austerrike og i Sveits i ein månads tid.

Dette er sesongens fyrste freestyle-konkurranse. Det er sol og fine forhold utan vind. Bana er rundt 250 meter lang. Killi kvalifiserte seg som tredje beste i denne finalen.

Det er to løp per utøvar der det er det beste løpet som gjeld; det er ikkje samanlagt.

Det fyrste løpet gjennomfører Dombås-jenta sterkt. Ho mistar litt fart, men ho står heile vegen og går inn på ein foreløpig andreplass.

I det andre løpet er det mange deltakarar som faller, inkludert Killi. Men dette til tross så beheld ho andreplassen.

Tess Ledeux frå Frankrike kom på fyrsteplass med 89 poeng. Killi tok andreplassen med 81 poeng og tredjeplassen gjekk til kinesiske Ailing Eileen Gu med 77 poeng.

På pallen: F.v.: Ailing Eileen Gu på tredjeplass, Tess Ledeux på fyrsteplass og Johanne Killi på andreplass.  Foto: TV2