Per no utfører ikkje Dombås taxi transport til og frå fest eller sosiale samkomer

Det skriv dei på sin Facebook laurdag. Dette blir innført som eit koronatiltak.

Koronatiltak: Dette blir innført for å redusere smitterisiko, både for passasjerar og for deira eiga del.  Foto: Dombås taxi

Nyheter

Dei driv med hyppig bilvask og spesiell reingjering av berøringsflatar mellom kvar kunde. Sjåførar skal nytte munnbind ved sjuketransport der passasjerar treng hjelp og ein kjem tett innpå kvarandre. FHI sine retningsliner blir følgt samt dei råd dei får frå Innlandstrafikk og Pasientreiser.

I tillegg skal dei ikkje utføre transport til og frå fester og sosiale samkomer.

Skule- og sjuketransport går som vanleg, saman med turer til og frå andre offentlege transportmidler samt "vanlege" bestilte turer på dagtid. Rullestoltransport blir utført som vanleg.

Dei utvider også bruken av munnbind både for sjåfør og passasjer om dei køyrer frå tog der passasjerar kan vere frå "raude områder".

Dette blir innført for å redusere smitterisiko, både for passasjerar og for deira eiga del.

- Sentralen vår er liten og alle blir ramma om nokon av oss blir sjuke. Når denne pandemien er over, ynskjer vi meir enn gjerne å stå til teneste for alle våre kunder både dag og natt, men håpar på forståing for at vi gjer slike tiltak no, skriv dei.