Lesja taxi:

Tek smitterisikoen på alvor - Stenger for transport til og frå fest og sosiale samvære

Dette er i tråd med strengare koronatiltak og håp om å hindre vidare smitte.

  Foto: Getty Images/illustrasjonsbilete

Nyheter

Lesja taxi tek smitterisikoen på alvor. Dei vaskar og spritar ned bilane etter kvar tur. Skule og sjuketransport køyrast som vanleg.

Transport til og frå fest og sosiale samvære om natta blir ikkje utført før smitta er under kontroll. Dette gjer dei fordi dei er ei sårbar gruppe og håpar på forståing for det. Dei ynskjer seg tilbake til normale dagar fortast mogleg.