Vågå inviterer dei andre kommunane i regionen:

– Bli med oss og lag ein ny storkommune

Kommunestyret i Vågå har sendt ut invitasjon til dei andre kommunane i regionen om å bygge ein ny kommune.

Ordførar Harald Sve Bjørndal (nr. to frå venstre) og kommunestyret i Vågå inviterer alle seks kommunar i regionen til å tenkje nytt om kommunestruktur.  Foto: Arve Danielsen/Fjuken

Nyheter

Dei meiner fokuset i prosessen må vera korleis ein bygger ein ny, attraktiv kommune for busetting og næringsliv som er berekraftig for framtida, og korleis samarbeidet om felles tenesteproduksjon skal utviklast. Kommunane som vil vere med må ha gjort sine kommunestyrevedtak innan 31. mars neste år. Da forpliktar dei seg til å setje av politiske og administrative ressursar i avklaringsprosessen.

Kvar kommune må setje ned eit forhandlingsutval som skal lage ei politisk plattform og ein intensjonsavtale for den nye kommunen. Dette skal avklare overordna premiss for ein ny kommune. Dette vil seie organisering, lokalisering, politisk styringsstruktur og spelereglar i fasa fram til ein ny struktur er på plass. I saka som Vågå kommunestyre behandla står det også at kommunane må bruke tid og ressursar på innbyggarinvolvering.

Klar frå 2024

1. januar 2024 er nemnt som datoen ein ny kommune kan vere klar. Dersom fem kommunar eller fleir blir med på dette vil det koma eit eingangstilskot på 69 millionar kroner til den nye kommune. Er det to kommunar, vil tilskotet bli på 26,6 millionar kroner. Den nye kommunen vil behalde småkommune tillegg, basistilskot og distriktstilskot dei første 15 åra.

– Vi må lage ein ny kommune som har kraft og tyngde til å setja ressursar på samfunnsutviklinga. Rekruttering er ein svært kritisk faktor og blir vanskelegare. Vi må satse på bulyst og arbeidsplassar, utvikle dei kvalitetane som finst i bygdene våre. Vi må ha så gode oppvekstvilkår at dei unge vil flytte attende og vi må gjere oss så attraktive at nye vil flytte hit, sa vågåordførar Harald Sve Bjørndal (BL), til kommunestyret i Vågå som var samstemt om å sende ut invitasjonen til dei andre kommunane i regionen.

Må med frå start

Lesjaordførar Mariann Skotte seier invitasjonen frå Vågå ikkje har kome enda, men at ho vil behandle den i kommunestyret på nyåret.

– Viss ein vil vere med på å bygge ein ny kommune så må ein vere med frå starten. Det er også viktig at det er med politikarar frå alle parti, og at vi startar heilt frå botnen av. Dette kan ikkje bygge på tidlegare intensjonsavtaler, seier Skotte, som ikkje vil si om ho er for eller imot dette før saka skal behandlast.

Dovreordførar Astrid Skomakerstuen Ruste ser positivt på eit utvida kommunesamarbeid i Nord-Gudbrandsdalen.

– Eg trur ikkje dette er noko vi kan spare millionvis på, men at det kan sikre grunnleggande tenester for folk. Eg trur heller ikkje folk skal vere bekymra for at det blir langt til rådhuset, det er ikkje der vi må ha fokus. I ein slik prosess må vi både gje og få, vi er ofte mest opptatt av kva vi kan få. Om vi ser på kva vi kan gje, vil det dryppe på oss i andre omgang, seier Ruste.

Ho trur dette kan vere ein måte å kunne bygge opp i tenestane, i stedet for å kutte.

– Vi er i bevegelse, dette er positivt, seier Ruste, som vil ta saka opp for politikarane i Dovre på nyåret.