Oddvar er ferdig som formann i forliksrådet: – Ein får eit intimt innblikk i folks privatliv

Lesjingen Oddvar Romundset har lagt bak seg 33 år i det lokale forliksrådet. 27 av dei har vore som formann.

Legg eit kapittel bak seg: Oddvar Romundset (73) har vore i forliksrådet i Lesja, og seinare Lesja og Dovre, sidan han var 40 år gamal. Nå er han ferdig, og slepp til nye krefter. Lovboka om mekling og rettergang i sivile tvister har vore eit av dei viktigaste verktøya i stillinga.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Nå set alderen ein stoppar for å vere med vidare, men 73-åringen ser attende på dei tre siste tiåra som lærerike, gjevande og interessante.