Plikt for testing for Covid-19 for innreisande til Norge:

Her er teststasjonane i Innlandet

Regjeringa innførte plikt for Covid-19-testing for innreisande til Norge laurdag 2. januar. Teststasjonane i Innlandet er no presisert.
Nyheter

Testen skal gjerast så snart som mogleg og seinast eitt døgn etter ankomst. Dei reisande må reise inn i Norge via grensestasjonar med testing, eventuelt til grensestasjonar med politikontroll. Fleire mindre grensestasjonar vil bli stengt.


Innfører testplikt for reisende til Norge

Regjeringen innfører plikt til å teste seg for covid-19 for innreisende til Norge fra 2. januar 2021.


Statsforvalteren i Innlandet kjem no med ei presisering basert på situasjonen i Innlandet per 2. januar.

Grenseovergangane ved Støa, Magnormoen og Riksåsen er opne for vanlege reisande.

  • Magnormoen har teststasjon som er operativ døgnet rundt
  • Personar som passerer ved Riksåsen og som skal testast, vil bli vist til Magnormoen
  • Støa vil få ein teststasjon tidleg kommande veke. Politiet vil inntil då vise dei som skal testast, til Trysil legevakt

For å kunne kanalisere innreisande til grenseovergangsstadar med både politi og helse, eventuelt til overgangsstadar med berre politi, blir fleire grenseovergangsstadar vurdert stengt. Justisministeren vil beslutte kva grensepasseringsstadar som skal stengast, og kva unntaksgruppar som likevel kan nytte stengte grenseovergangar.