Frå og med måndag 4. januar innførte regjeringa koronatiltak til vidaregåande skular og ungdomsskular. Dei er no alle på raudt nivå.
Alle vidaregåande skular og ungdomsskular til raudt nivå:
I Dovre og Lesja trappast smittevernet opp: - Det er ni skuledagar det er snakk om så vi får sjå korleis det blir vurdert etter det
For å avgrense auking i smitte i januar, innførar regjeringa nye koronatiltak som i fyrste omgang varar til 18. januar. Landet sine ungdomsskular og vidaregåande skuler bør følgje raudt tiltaksnivå i smittevernvegleiaren.
For å vere føre var, har andre offentlege område følgt dette opp. Treningssenteret/styrkerommet på Lesja kan halde ope, men med maks tre stykker der samstundes. Dei tillet ikkje å ta med seg andre personar inn i styrkerommet på eiga adgangskort. Berre dei som har betalt treningsavgift og har gyldig adgangskort kan nytte styrkerommet. Om reglene ikkje blir haldt, vil styrkerommet bli stengt umiddelbart.
Lesja symjehall blir haldt ope, men det er påmelding og maks 15 stykker kan vere der samstundes.
Dombås symjehall stengte for all offentleg bading den 4. januar og har stengt til og med den 17. januar. Booking er difor ikkje mogleg.