Har sendt ut invitasjon til samarbeid om ny storkommune i Nord-Gudbrandsdal

Like før jul vedtok kommunestyret i Vågå å gå inn for å sjå på moglegheita til å bygge ein ny kommune i Nord-Gudbrandsdal.

Inviterer til samarbeid: Vågå-ordførar Harald Sve Bjørndal har sendt ut invitasjon til kommunane i Nord-Gudbrandsdalen om å inngå samarbeid for å sjå på moglegheitane for å bygge ein ny kommune.  Foto: Arve Danielsen/Fjuken

Nyheter

I vedtaket står det også at Vågå skal invitere dei fem andre kommunane i regionen til å delta i denne prosessen, og ber om at dei som ønskjer å delta må kome med positive kommunestyrevedtak innan 31. mars 2021.