Her får Solbjørg (91) den fyrste koronavaksinen i Lesja: - Eg har ikkje sprøyteskrekk så det gjekk fint

No er koronavaksinen komme til marknaden, og dei fyrste sprøytestikka skal endeleg skje. Hjå oss er dette på Fredheim på Dovre og sjukeheimen ved Lesja helsehus.

Historisk: Solbjørg Rognerud (91) frå Lesja blei den fyrste i heimkommunen som fekk den etterlengta koronavaksinen  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Det er den andre veka i januar 2021. Førre månad var det eit år sidan koronaviruset fyrst dukka opp i byen Wuhan i Kina. Dei fyrste lokale stikka her i bygda blei sett på to lokale damer onsdag den 6. januar.