Innlandstrafikk oppfordrar reisande til å syne omsyn og følgje råd og anbefalingar frå helsemyndigheitene. For å avgrense nærkontakt mellom sjåfør og kundar blir framdøra på bussane stengd på dei fleste busser i fylket.
I Nord-Gudbrandsdal gjeld dette for alle liner køyrd av Trønderbilene Gudbrandsdal, men rutene som blir køyrd av Lesja bilruter og Ringebu bilruter køyrer framleis med ope framdør.
Ei annan anbefaling frå Innlandstrafikk for å hindre smittespreiing er å kjøpe billett på førehand, særleg der framdørene er stengt.