Enda ei koronavaksine godkjend til bruk i Norge - Fleire vaksinar vil seie fortgang i vaksinasjon

Onsdag 6. januar godkjende EU-kommisjonen Moderna si vaksine til bruk i Europa og Norge. Det skjer etter at Det europeiske legemiddelkontoret (EMA) anbefalte å gi vaksinen ei betinga godkjenning.

Gjort grundig vurdering: - For Norge og EU har det vore viktig at dei europeiske legemiddelmyndigheitene har gjort ein grundig vurdering av effekt, sikkerheit og kvalitet før vaksineringen starta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.  Foto: Skjermdump Regjeringen.no

Nyheter

- Eg er glad for at den andre vaksinen mot Covid-19, Moderna-vaksinen, no har blitt godkjend av Europakommisjonen etter anbefaling frå Det europeiske legemiddelkontoret. Takka vere EU sitt innkjøpssamarbeid vil vi også få denne vaksinen til bruk i Norge. Med leveransar frå Moderna, i tillegg til vaksinene vi får frå BioNTech/Pfizer, vil vi etter kvart kunne tilby enda fleire nordmenn vaksinering, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.


Her får Solbjørg (91) den fyrste koronavaksinen i Lesja: - Eg har ikkje sprøyteskrekk så det gjekk fint

No er koronavaksinen komme til marknaden, og dei fyrste sprøytestikka skal endeleg skje. Hjå oss er dette på Fredheim på Dovre og sjukeheimen ved Lesja helsehus.


EU har så langt gjort avtale med sju ulike vaksineprodusentar. Om alle desse vaksinane blir godkjend, vil Norge ha inntil tre ganger fleire doser enn vi treng for å vaksinere alle innbyggjarane våre.

- Dersom det ikkje blir problem med produksjon og distribusjon, vil vi kunne tilby vaksine til alle vaksne nordmenn som ynskjer det før sommaren, seier Høie.

Prioriteringslista

Vaksinen er godkjend for alle over 18 år. Vaksinering i Norge vil skje etter prioriteringsrekkjefølgja til Folkehelseinstituttet. Statsforvalteren i Innlandet skriv at det ikkje vil vere nok vaksine til alle i starten. Desse har øvste prioritet:

  • Beboarar i sjukeheim
  • Eldre over 85 år
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år
  • Personar i alderen 18-64 år med éin eller fleire nærmare spesifiserte sjukdommar som dei har frå før

Foreløpig er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppane, men dette kan endrast dersom smittepresset aukar, og dersom smittesitusjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

160 millionar doser til EU

- For Norge og EU har det vore viktig at dei europeiske legemiddelmyndigheitene har gjort ein grundig vurdering av effekt, sikkerheit og kvalitet før vaksineringen starta. Norge prioriterte på linje med EU å investere i ein brei portefølge av ulike vaksinekandidatar for å ha ein rimeleg sikkerheit for at minst éin av vaksinekandidatane ville lykkes, seier Høie.

Dei forventar å motta eit stort volum av vaksiner i tida framover. Dei landa som var aller fyrst ute med vaksinering har anten nytta ei nødprosedyre for bruk før godkjenning, eller har eit anna regelverk enn Norge og EU.

EU har inngått avtale om totalt 160 millionar dosar frå Moderna i løpet av 2021. Norge sin del av dette utgjer til saman nesten 1,9 millionar dosar. Vi vil motta 67 000 dosar av denne vaksinen i løpet av januar og februar, og større leveransar i månadane etter.