Gulsporven er årets fugl 2021

Foreningen Norsk Ornitologisk Forening har kåra gulsporven til "Årets fugl" i 2021. Kvart år gir dei ein fugleart ekstra merksemd, denne gangen med fokus på gulsporden fordi bestanden er i tilbakegang. Arten har status som "nær trua" på den norske raudlista.

Lett å kjenne att: Gulsporvhannen er eit vakkert syn, med sin fargesterke fjærdrakt dominert av gule og raudbrune tonar. Arten kjennast også lett att på sin karakteristiske song, som vil vere til god hjelp i den nasjonale kartleggjina av arten NOF planlegger i 2021.  Foto: Jan Erik Røer

Nyheter

- Gulsporven er utvilsamt ein av dei verkelege skjønnheitene blant dei norske sporvefuglane. Om våren får hannane si vakre fjærdrakt i gult og raudbrunt. Når dei syng sin karakteristiske song, sitt dei gjerne i toppen av ein busk eller eit tre. Gulsporven er ein vanleg hekkefugl over det meste av landet, men er mest talrik på Sør-Austlandet og i Trøndelag, seier Oddvar Heggøy ved Norsk Ornitologisk Forening.

Teljar til sju

Gulsporven har status som "nær trua" på den norske raudlista. Ein av årsakane er truleg at den slit med å tilpasse seg det moderne jordbruket.

- Arten legg reiret på bakken, og det kan dermed vere utsett for øydeleggjing av landbruksmaskinar. Den veldig fine og fargerike fugler fortener at vi gjer det vi kan for å ta vare på den, seier Heggøy.

Hoa meir fargelaus: Gulsporvhoa er som ein litt blassare versjon av hannen, med mindre gult og raudbrunt og meir grå og grågrøne tonar/streking i fjærdrakta. Ofte er hoene meir fargelause enn den avbilda fuglen.  Foto: Jan Erik Røer

Gulsporven sin song er velkjend for dei fleste fuglekjennarar. Det blir sagt at gulsporven teller til sju; "si-si-si-si-si-si-syyy", men songstrofane kan vere alt frå fem til ni tonar.

- Men oppbygginga av tonane er relativt fast; fyrst nokre korte og raskt gjentekne tonar, etterfølgt av ein lengre tone i lågare tonehøgde, seier Heggøy.

- Bidra til å auke kunnskap om norsk fauna

- Gulsporven kan vere litt kresen i matvegen, men fôrar du med havre eller liknande kornsortar kjem den meir enn gjerne på besøk, seier Heggøy.

Den et kanskje helst på bakken, men gjerne også både i julenek og frå fôringsautomatar. Er det mykje snø ute blir det vanskeleg for gulsporven å finne mat i naturen, og det er helst då den oppsøkjer fôringsplassen.

- Ser du ein gulsporv, eller ein anna fugl, kan du registere observasjonen din. Slik bidreg du til å auke kunnskapen om den norske faunaen, og til å gje naturforvaltinga og politikarar eit betre grunnlag for sine beslutningar, seier Heggøy.