Annleis-året 2020 var også annleis vêrvis for Lesja og Dovre: - Varmaste sidan 1865

2020 har vore mykje varmare enn åra tidlegare. Det er rett og slett ny rekord; i bygdene våre har det ikkje vore så varmt sidan 1865.

Mildaste på over 150 år: Desember 2020 gjekk inn i historia som den tredje mildaste i langtidsrekkja på 157 år.  Foto: Monica Hjelle/arkiv

Nyheter

- Opp gjennom har det komme mykje drivhusgassar, så vi må rekne med at det blir varmare. Dei siste rekordane her kjem frå 2006 og 2014, og no er 2020 rekordhaldar. På den varme sida blir det kortare tid mellom rekordane, fortel klimaforskar Øyvind Nordli ved Meteorologisk institutt.