«Kaffekarane» på Lesja har tru på ei løysing

På den daglege morgonkaffen er det tru på at det blir ei løysing når det kjem til kafédrift i Lesja sentrum.

Desse karane har tru på at det ordnar seg med ein stad å innta moronkaffen på. Frå venstre: Ola Einbu, Jostein Kolstad, Ronald Kikut og Sigurd K. Bø. Magne Lønstad sit med ryggen til.  

Nyheter

Sidan kafeen på Lesja stengte dørene ved nyttår har «kaffekarane» hatt tilhald i gangen utanfor Sentrum kjøp. Dei trivs godt her, men har håp om at det skal bli ei meir ordentleg løysing att.