Foreldra har masa om betre skuleskyssordning i månadsvis

Kristin Gansmo Brenna, Liv Anna Kolstad og Bente Kristin Nyløkken er alle foreldre til elevar ved vidaregåande skuler i Nord-Østerdal.

Kristin Gansmo Brenna, Liv Anna Kolstad og Bente Kristin Nyløkken har fått erfare at kollektivtilbodet mellom Nord-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen er for dårleg tilrettelagt. Dei må ofte køyre timesvis for å sende ungane sine til skulen. 

Nyheter

For dei har eit lite tilrettelagt kollektivtilbod vore eit problem over lengre tid. Forbindelsen mellom dei to dalføra er tidvis for dårleg, så foreldra må køyre elevane til skulen i Alvdal. Dei bur alle i eller rundt Dombås, men kan fortelje om at dette også gjelder foreldre på Lesjaskog.